Du er her: Forside Avvikling av Georeg!

Avvikling av Georeg!

 

Georeg har den 22.02. meddelt at dei vil innføre brukarbetaling på tenesta frå 15. mars. Ytre Gulen idrettslag vil difor avslutte bruken av Georeg den 14.03. Vi vil då ta ut statistikk slik at ingen mister poenga sine. Frå 15.03, må ein skrive seg i bøkene slik som før.
Vi beklagar dette, men vi kan ikkje nytte ei teneste til poengteljing som medlemmene våre må betale for.
Saman med dei andre idrettslaga i Gulen, vil vi no prøve å finne andre system vi kan nytte. Dette systemet må være betalt av idrettslaget og ikkje av medlemmene. Vi har tru på tar vi vi vil lukkast med dette og håpar at den nye løysinga er klar innan få månader.