Dugnad

Saman skapar me idrettsglede!

Din frivillige innsats får hjula til å gå rundt

Heile idrettslaget er tufta på frivilligheit og dugnadsarbeid. Store og små legg kvart år ned ein solid innsats for å oppretthalde eit godt tilbod av trening- og friluftsaktivitetar. Gjennom eit kalenderår er det følgjande dugnadsarrangementer:

  • Klippe, merke og halde turstiane i hevd

  • Ulike funksjonar under Kongeløpet og Kongemarsjen i september

  • Ulike oppgåver under Utkant (festival) i juli (betalt oppdrag)

  • Vedlikehald og oppgraderingar på Treningsstova/huset

Dugnad blir annonsert på YGIL si Facebook-side.

Utkant vert arrangert kvart år på Skjerjehamn, og dei er avhengig av mange frivillige for at hjula skal gå rundt. Medlemmar i YGIL kan jobbe dugnad til inntekt for idrettslaget, og oppgåvene er svært varierte.

Turstiane er flittig brukt året rundt, og YGIL har verktøy for å halde dei i hevd. Mange medlemmar legg kvart år ned ein solid innsats for at stiane skal vere framkommelege.

Treningsstova og klubbhuset til YGIL har samla mange til hyggeleg dugnad. Sidan starten på oppgraderinga i 2020 har det blitt lagt ned fleirfoldige timar med riving, oppbygging, maling både ute og inne, montering, innkjøp, beskjæring av trær og mykje anna arbeid.