Idrettsskulen
Idrettsskulen er eit tilbod til born og ungdom i Ytre Gulen, med organisert aktivitet i gymsalen ved Byrknes skule. Målet er å ha varierte aktivitetar og å ha det kjekt saman.
Følgjande er viktig:
Alle som er med på trening må vere medlem av YGIL.
Alle som er med på trening må ha innesko med kvite sålar eller antiskilabbar.
Det er ikkje lov å ha med brus eller snop på trening.
Følg instruks for reinhald av gymsal etter skuletid.
Idrettsskulen følg som regel kalenderen for skuleåret.
Trenarane skal trene begge gruppene, 1.-4. og 5.-7. klasse. På Joker Byrknes kan trenarar hente nøklane til skulen. Desse legg du i den raude postkassa utanfor butikken etter trening. Det er viktig at trenarane har førebudd seg før treninga byrjar. På aktivitetslista står det forslag til aktivitetar, dette for å sikre variasjon i treninga. Skriv opp kven som er på trening, skjema ligg i idrettsskulepermen i YGIL sitt skap.
Det er lurt å dele timen opp i tre delar
Oppvarmingsdel ca fem-sju min. Døme på aktivitetar: tikken i forskjellige variantar (doktortikken, rekketikken, osv) jogge m/musikk, danse, hermeleiken, hauk og due, stiv heks. Eventuelt å bruke litt av tida til å få på plass apparat til hovudaktiviteten.
Hovuddel: Døme: Sirkeltrening eller stasjonstrening, dans, styrketrening, lengdehopp, høgdehopp, innebandy (for dei eldste), hurtigheitstrening, balltrening som dødball, kanonball, dansk kanonball, øve på å ta ballen to og to.
Avslutningsdel ca ti min. Rydde vekk alle apparata, tøye ut musklar som er brukt, og til sist ein kjekk leik. Døme: Sjå oppvarmingsdel.
Det er viktig med godt reinhald! Hugs at utstyr som er brukt (t.d. ballar) må reingjerast etter kvar gruppe, etter instruks for «Reinhald av gymsal etter skuletid»