Kajakkar
Utleige av kajakkar
YGIL har seks kajakkar til utleige. Kajakkane ligger i Tausevika på Byrknesøy i utleigesesongen. Dei er festa til en tilhenger med hengelås. Vest, padleåre og spruttrekk ligger i ei låst kasse utenfor Treningsstova på Søre Garden 5.
Slik gjer du:
Ta kontakt med utleieansvarleg i styret for å få kode til boksen og til kajakkar. Sjå Kontakt-sida for kven dette er til einkvar tid.
Signer i boka som ligger i kassa med navn, telefonnummer og kva område du har tenkt å padle i. Ved å signere godtar du YGIL sine utleigevilkår for kajakkar.
Betal med Vipps til Ytre Gulen Idrettslag: 516502 (100kr pr dag for medlem/250kr pr dag for ikkje-medlem).
Ta det utstyret du trenger og ta godt vare på det.
Du må levere tilbake kajakken og øvrig utstyr der du fann det etter maks eit døgn. Husk å låse kajakk og utstyrskassa.
Viss du ser at noko av ustyret manglar eller er øydelagt, ver venleg å sei i frå til oss.
Utleigevilkår
Alle som leiger kajakk må lese informasjonen på denne websiden og ved å signere på boka i boksen med utstyr godtek ein disse leigevilkåra:
Du er over 16år.
Du kan svømme.
Du har våttkort eller tilsvarande kunnskap om trygg padling og redning.
Du kan komme deg både ut av kajakken og opp i kajakken igjen dersom du velter.
Du har informert om kva område du skal padle i (dette er for din eigen sikkerhet).
Du skal bruke vest når du padler.
All bruk av kajakkane skjer på eige ansvar.
Pris
100 kr per dag for medlemmer av YGIL.
250 kr per dag for ikkje-medlemmer.
Betal med Vipps til Ytre Gulen Idrettslag: 516502
Om kajakkane
YGIL har 6 kajakkar for utleige, type Norse Duva.
Duva er en stabil og trygg havkajakk som egner seg for nybegynnerne og de som har padlet en del fra før. Den har justerbar ryggstøtte og god sittekomfort. Kajakken er svært godt egnet for turpadling da den er retningsstabil og lett padlet.
Dimensjoner:
Lengde: 498 cm
Bredde: 58 cm
Lastekapasitet: 120 kg
Egenvekt: 23 kg
Ta vare på utstyret
Kajakkutleiga byggjer på tillit, og vi ber om at kajakkane og utstyret vert behandla med omsorg. Alt arbeidet med vedlikehald av utstyret skjer på dugnad. Viss du ser at noko av ustyret manglar eller er øydelagt, ver venleg å sei i frå til oss. Sjå kontaktinfo over. Vi ber spesielt om at du er varsam når du sjøsett kajakken og tek den på land att for å redusere slitasjen.
Bakgrunn
YGIL søkte om tilskot til seks kajakkar og bilhengar av Gjensidigestiftelsen våren 2021, og vart tildelt 90 000 kr for innkjøp og gjennomføring av kajakkurs sommaren 2021. Utstyret er no i YGILs eige og idrettslaget oppfordrar born og vaksne til å nytte seg av dette flotte tilbodet. Alle som vil kan nytte seg av tilbodet for ein rimeleg pris.