Treningsstova på Byrknes
Treningsstova er eigd av YGIL, og er eit treningstilbod til alle i Ytre Gulen.
Ein stad for alle
Treningsstova har møller, syklar, romaskin, vektapparat og frivekter. Det består av eit stort og eit lite rom. Senteret blei pussa opp i 2020.
Hovuddelen av medlemmane er lokale Byrknesingar og andre frå Ytre Gulen. Det er òg mange fråflytta ytregulingar som liker å nytte seg av bortebuarmedlemskapet for å trene når dei er heime.
YGIL har avtale med ei gruppe seniorar (før: Pensjonistlaget) om ein fast dag i veka der dei låner Treningstova gratis. Elevar i ungdomsskulen kan òg bruke lokala, og aldersgrensa for å bruke Treningsstova er 14 år. YGIL har eit klart mål om å lære ungdom effekten av regelmessig trening og gje dei skikkeleg opplæring i rett bruk av treningsutstyret.
Fasilitetar
Treningsutstyr:
Møller, syklar, ellipse og romaskin
“Junglegym"
Beinpress
Benkpress
Power cage
Frivektsområde med kettlebells, strikk og manualer
Jumping box, matter og yogaball
Ribbevegg
Speil på to vegger
Anna:
Treningsarealet: eit hovudrom og eit mindre rom
Plakatar med tips til øvingar
Romsleg parkeringsplass og uteområde
Toalett
Garderobe for yttertøy ved inngangsparti
Oppbevaringshyller m/bokser til utleige
Førstehjelpsutstyr, isposar og brannslukkar
Treningsstova har ikkje dusjfasilitetar. Vi gjer oppmerksom på at kalk og liknande ikkje er lov. Vi anbefaler i staden hanskar.
Opningstider og dørkode
Adgang kun for betalande medlemmar av Treningsstova.
Alle dagar - heile året, frå kl. 05:00-00:00
Unntak
Stova er reservert i følgjande tidsrom:
Torsdag kl. 10-12 (Pensjonistlaget)
Ved reinhald. Tidspunkt varierer, og det vil stort sett bli varsla på Facebook.
Dørkode
Dørkoden får du ved innmelding og skal ikkje delast med andre. Det er eit tillitsbasert system, og kvart medlem er ansvarleg for at koden ikkje blir delt til uvedkomne.
Dør opnes ved å taste kode etterfulgt av symbolet “open hengelås”. Døra vert automatisk låst etter 5 sekund.
Prisar
Alle i Ytre Gulen over 14 år kan teikne medlemsskap i Treningsstova. Ved innmelding i Treningsstova blir ein òg automatisk medlem av YGIL.
For prisar, innmelding og meir informasjon - gå til medlemskap.
Reglar
Treningsstova er drifta av frivillige. Alle medlemmar må følgje reglane for Treningsstova.
Alle MÅ bruke innesko – Golvet og tredemøllene tåler ikkje sand og skit
Rydd på plass utstyr – Ingen liker å rydde tunge vekter etter andre
Vask utstyret etter bruk – Reinhald har aldri før vore viktigare
Kontakt
Styret har til kvar tid ein representant som er ansvarleg for Treningsstova si daglige drift.
Sjå under Kontakt kven som er representanten.
All dagleg kommunikasjon med medlemmar om drift, evt. restriksjonar, påminningar o.l., går via facebook-sida YGIL Treningsstova - medlemside. Dørkoden vert sendt det enkelte medlem som har betalt kontingent.
Drift og vedlikehald
Reinhald
Treningsstova blir reingjort ein gong i veka.
Er du ute etter ein ekstrajobb? Ta kontakt med ansvarleg for Treningsstova.
Påfyll av papir og sprit
Alle medlemmar kan gjerne passe på her, men reinhaldarane vil alltid kontrollere at det er fylt på. Utstyr finn du på bakrommet.
Boss
Frå våren 2021 har YGIL ein avtale med Joker Byrknesøy om bruk av deira bosskontainer for dagleg avfall.
Løpande vedlikehald
Det blir gjort vedlikehald og kontroll av utstyr og eigedom, fortløpande. Per våren 2022 er eigedommen fortsatt under oppussing, og me ber om forståing for at arbeidet kan forstyrre dagleg trening.
Støttespelarar
Eit flott treningstilbod gjer seg ikkje aleine - heller ikkje finansieringa.
YGIL takkar for støtta til oppussingsarbeidet: