Kongeløpet og Kongemarsjen
Lørdag 21. september 2024
Om Kongeløpet
Kongeløpet er eit mosjonsløp som går frå Joker på Byrknesøy til Skjerjehamn på Sandøy. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Ytre Gulen Idrettslag og Skjerjehamn. Løpet går over ein strekning på 13 km, over bruer og øyer, på asfalt og grus, i vakkert kystlandskap. Akkurat passeleg kupert til at det blir utfordrande.
Deltakarane vert møtt på Skjerjehamn med forfriskingar etter målgang. Landhandelen og restauranten på Skjerjehamn er open, og skaper ei flott ramme rundt avslutning og premieutdeling. Det er premie til raskaste kvinne, mann og lag. Borna får medaljar.
Det første Kongeløpet vart arrangert i 2013. Då var det Skjerjehamn som arrangerte, og YGIL stilte med dugnadshjelp, drikkestasjonar, følgebil og skyss etter løp. Etter kvart har YGIL tatt over å arrangere løpet, og Skjerjehamn tar seg av den sosiale delen etter målgang.
I 2016 starta Kongemarsjen opp - ein turmarsj som går frå Randal til Skjerjehamn. Turen er omtrent 5 km, og startar slik at dei fleste er i mål om lag samtidig som dei første i løpet.
Kongeløpet og Kongemarsjen vert arrangert andre helga i september kvart år. Følg med på YGIL si Facebook-gruppe for endeleg dato.
Påmelding
Påmelding skjer same dag ved Joker Byrknesøy, like ved startstreken.
Frivillige
Vil du vere frivillig?
Kongeløpet og Kongemarsjen treng frivillige for å kunne gjennomførast på forsvarleg vis.
Det trengs frivillige mellom anna til desse områda:
Merking av løyper
Utdeling av startnummer og registrering
Speaker ved startområdet
Tidtaking
Betjening av drikke- og matstasjonar
Sjåfør til følgjebil
Førstehjelp/beredskap
Premieutdeling
Nedrigging undervegs og etter endt arrangement
Følg med på YGIL si Facebook-gruppe for informasjon om frivillige!
Løypekart
Mat og drikke
Mat- og drikkestasjonane undervegs er plassert etter 4,5 km, 7 km og 11 km.
For alle deltakrar vert det servert drikke og enkel snack undervegs i løpet.
Overnatting
Overnattingsmoglegheiter fins på Skjerjehamn, same stad som målgang. Se www.skjerjehamn.no for meir informasjon og booking.