3-fjellsturen 13. april 2024

Bli med på Ytre Gulen sitt svar på 7-fjellsturen!

Om turen

3-fjellsturen er Ytre Gulen sitt svar på 7-fjellsturen i Bergen, kor ein går dei tre høgaste toppane, på dei tre største øyane, same dag. Turen har vore arrangert kvart år sidan 2014, med unntak av koronaåret 2020, og går vanlegvis i slutten av april. Dato for arrangementet vert annonsert på YGIL si opne Facebook-side.

Turen startar på Byrknes, der ein går over fjellet frå sør til nord. Vidare køyrer ein med bil til Mjømna, der ein har matpause, før turen går opp til Piltevarden på Mjømnefjellet. Så køyrer ein til Sandøy, og går saman med Bornas Turlag til toppen på Midtbøfjellet.

Etterpå køyrer alle som vil til Skjerjehamn for å ete i lag og for utdeling av medaljar til alle borna. Plangruppa har kvart år fått ein god avtale med Skjerjehamn.

Den første 3-fjellsturen vart gjennomført 27. april 2014, etter ein idé frå ei lokal turgruppe, frå øyane i Ytre Gulen. Desse kvinnene hadde reist innover i kommunen, for ein dagstur på Dalsbotnfjellet. I ytre strøk er det fleire fjelltoppar, men ingen er høge nok til ein dagstur. Dermed planla gruppa ein trefjellstur, der ein skulle gå til dei tre høgaste toppane, på dei tre største øyane, same dag.                                                                      

Dei fekk med fleire turkvinner i plangruppa, samt Ytre Gulen Idrettslag. Etterkvart vart Ytre Sogn Turlag/ Bornas Turlag med, og nærbutikkane og YGIL sponsa med  frukt, nøtter, sjokolade, kaffi og kald drikke til turfolket.


 

Løypekart

Dei blå prikkane visar dei tre toppane som turen går over.


 

Premiering

Alle born som deltar får utdelt medalje på Skjerjehamn same dag.