Ballbingen

Open for alle

Ballbingen er YGIL sitt nærmiljøanlegg som står på skuleplassen til Byrknes skule. Ballbingen er open heile døgnet, og er tilgjengeleg for lokalbefolkning og tilreisande.

Bakgrunn

Ballbingen på Byrknes vart bygd i 2008.

Det starta med at fotballkrinsen i Sogn og Fjordane kontakta YGIL i oktober 2006 med forslag til type ballbinge (Scansis-løkka) og gode tips om finansiering. 

Det hadde lenge vore vanskeleg å samle nok folk til fotball på idrettsbana, så YGIL sa ja, og starta planleggingsarbeidet. Budsjettet var på ca. kr. 450 000, der kr. 200 000 var tippemidlar, kr. 110 000 var sponsormidlar og resten dugnad.

Arbeidet starta i juli 2008 og ballbingen vart offisielt opna med fotballturnering 4. oktober 2008.

Svært mange var med på ulike deler av dugnadsarbeidet, og ballbingen har vore i dagleg bruk i alle desse åra. Til glede for både små og store, i skuletid og fritid.

Hausten 2021 blei ballbingen renovert etter tildeling av spelemidlar.


Lys på kveldstid

På eine lysmasta i ballbingen er det ein knapp som gjev lys i ein halv time om ein trykkjer på den. Dette gjer det mogleg å bruke ballbingen om hausten og vinteren.