Bli medlem!

Vel medlemskap med eller utan tilgong til Treningsstova

Generell informasjon

  • Medlemskap i YGIL som ikkje inkluderer tilgong til Treningsstova gjeld for eit kalenderår (frå januar til desember).

  • Medlemskap i YGIL som inkluderer tilgang til Treningsstova gjeld for 6 månader (januar til juni og juli til desember).

  • YGIL nyttar Norges Idrettsforbund sitt medlemssystem til administrasjon og innbetaling av kontingent.

  • Medlemmar av Treningsstova må be om tilgang til den lukka Facebook-sida, der informasjon blir delt. Følg lenka eller søk opp “YGIL Treningsstova - medlemsside”.

  • Informasjon for YGIL blir delt på den opne Facebook-sida “YGIL - Ytre Gulen Idrettslag”.

  • Bruk av Treningsstova skjer på eige ansvar.

  • Aldersgrense for bruk av Treningsstova er 14 år (du må være fylt 14 år).

  • Utmelding skjer skriftleg til styret eller til medlemsansvarleg.

Kontingent 2024

YGIL uten Treningsstova

Born 100 kr (born opptil 14 år)

Vaksen 200 kr (fra 14 år)

Familie 350 kr (inntil to vaksne og alle born under 14 år)

YGIL med tilgang til Treningsstova

Per halvår, med betaling i januar og juli:

Ordinær 1200 kr

Bortebuar 700 kr (for deg som ikkje er fastbuande i Ytre Gulen)

Ungdom 1050 kr (14-19 år)

Senior 1050 kr (Fra 65 år)

Alle typar medlemskap på Treningsstova gjeld for eit halvår, januar til juni og juli til desember. Dersom du melder deg inn midt i perioden, betalar du for resten av perioden.

Betaling

Betaling skjer med faktura som blir sendt fra Norges Idrettsforbund (NIF) sitt medlemssystem. Betalinga skjer via NIF, og mottaker/eigar av kontonummer vil difor vere Buypass AS.

Medlemsansvarleg i styret har ansvar for utsending av faktura og for medlemsregisteret.

Prisendring frå 2024:

Styret vedtok i november 2023 endringar for alle kontingenter, gjeldande frå 1. januar 2024.

 

Administrer din informasjon på Min Idrett

Alle medlemmar i YGIL kan sjølv logge inn på minidrett.nif.no og redigere eigen kontaktinformasjon.