Treningsstova på Byrknes

Treningsstova er eigd av YGIL, og er eit treningstilbod til alle i Ytre Gulen.

Ein stad for alle

Treningsstova har møller, syklar, romaskin, vektapparat og frivekter. Det består av eit stort og eit lite rom. Senteret blei pussa opp i 2020.

Hovuddelen av medlemmane er lokale Byrknesingar og andre frå Ytre Gulen. Det er òg mange fråflytta ytregulingar som liker å nytte seg av bortebuarmedlemskapet for å trene når dei er heime.

YGIL har avtale med ei gruppe seniorar (før: Pensjonistlaget) om ein fast dag i veka der dei låner Treningstova gratis. Elevar i ungdomsskulen kan òg bruke lokala, og aldersgrensa for å bruke Treningsstova er 14 år. YGIL har eit klart mål om å lære ungdom effekten av regelmessig trening og gje dei skikkeleg opplæring i rett bruk av treningsutstyret.


Fasilitetar

Treningsutstyr:

  • Møller, syklar, ellipse og romaskin

  • “Junglegym"

  • Beinpress

  • Benkpress

  • Power cage

  • Frivektsområde med kettlebells, strikk og manualer

  • Jumping box, matter og yogaball

  • Ribbevegg

  • Speil på to vegger

Anna:

  • Treningsarealet: eit hovudrom og eit mindre rom

  • Plakatar med tips til øvingar

  • Romsleg parkeringsplass og uteområde

  • Toalett

  • Garderobe for yttertøy ved inngangsparti

  • Oppbevaringshyller m/bokser til utleige

  • Førstehjelpsutstyr, isposar og brannslukkar

    Treningsstova har ikkje dusjfasilitetar. Vi gjer oppmerksom på at kalk og liknande ikkje er lov. Vi anbefaler i staden hanskar.


Opningstider og dørkode

Adgang kun for betalande medlemmar av Treningsstova.

Alle dagar - heile året, frå kl. 05:00-00:00 

Unntak
Stova er reservert i følgjande tidsrom:

  • Torsdag kl. 10-12 (Pensjonistlaget)

  • Ved reinhald. Tidspunkt varierer, og det vil stort sett bli varsla på Facebook.

Dørkode

Dørkoden får du ved innmelding og skal ikkje delast med andre. Det er eit tillitsbasert system, og kvart medlem er ansvarleg for at koden ikkje blir delt til uvedkomne.

Dør opnes ved å taste kode etterfulgt av symbolet “open hengelås”. Døra vert automatisk låst etter 5 sekund.


Prisar

Alle i Ytre Gulen over 14 år kan teikne medlemsskap i Treningsstova. Ved innmelding i Treningsstova blir ein òg automatisk medlem av YGIL.

For prisar, innmelding og meir informasjon - gå til medlemskap.


Reglar

Treningsstova er drifta av frivillige. Alle medlemmar må følgje reglane for Treningsstova. 

  1. Alle MÅ bruke innesko – Golvet og tredemøllene tåler ikkje sand og skit

  2. Rydd på plass utstyr – Ingen liker å rydde tunge vekter etter andre

  3. Vask utstyret etter bruk – Reinhald har aldri før vore viktigare


Kontakt

Styret har til kvar tid ein representant som er ansvarleg for Treningsstova si daglige drift. 

Sjå under Kontakt kven som er representanten.

All dagleg kommunikasjon med medlemmar om drift, evt. restriksjonar, påminningar o.l.,  går via facebook-sida YGIL Treningsstova - medlemside. Dørkoden vert sendt det enkelte medlem som har betalt kontingent.


Drift og vedlikehald

Reinhald
Treningsstova blir reingjort ein gong i veka.
Er du ute etter ein ekstrajobb? Ta kontakt med ansvarleg for Treningsstova.

Påfyll av papir og sprit
Alle medlemmar kan gjerne passe på her, men reinhaldarane vil alltid kontrollere at det er fylt på. Utstyr finn du på bakrommet. 

Boss
Frå våren 2021 har YGIL ein avtale med Joker Byrknesøy om bruk av deira bosskontainer for dagleg avfall. 

Løpande vedlikehald
Det blir gjort vedlikehald og kontroll av utstyr og eigedom, fortløpande. Per våren 2022 er eigedommen fortsatt under oppussing, og me ber om forståing for at arbeidet kan forstyrre dagleg trening.


Støttespelarar

Eit flott treningstilbod gjer seg ikkje aleine - heller ikkje finansieringa. 

YGIL takkar for støtta til oppussingsarbeidet: