Historietime

Byrknes Idrettslag vart stifta i 1959

I den første protokollen står det: “På møte i u.l. Havgula, Byrknesøy, 23/10 1959, vart det vedteke å skipa eit serlag for sport og idrett. Laget fekk namnet Byrknes Idrettslag (BIL).”

Gamle møtebøker

Før datamaskina sitt inntog vart møtereferart og rekneksap ført for hand.

Rekneskap

Rekneskapen vart sirleg ført i rekneskapsbøker. Den første saldoen i kassa som var ført opp i boka var 210,-.

BIL inviterer til dans

Utover 1980-tallet inviterte idrettslaget hyppig til dans. Annonsar vart sett inn i lokalavisene.

Løyve til dans måtte ein ha

Lørdag 15. juli 1995 skulle BIL nok ein gong halde dans i Samfunnshuset på Byrknesøy. Jarle Uthaug stod som ansvarleg, men hadde med seg mange ordensvakter. Og den gong måtte lensmannen i Gulen gi løyve til å halde offentleg fest med alkoholservering, og TONO-avgift måtte betalast.

Butikkhistorie på Byrknes

Idrettslaget har opp gjennom tida nytta seg av lokale forhandlarar. Under kan du sjå kvitteringar frå Vilh. Bjørknes frå 1984, Svein’s Kiosk frå 1985, Svein’s Mat og Overnatting A/S frå 1999, Krambua AS frå 2000 og Byrknes Landhandleri AS frå 2001.

Søknad til Sparebanken Sogn og Fjordane

I 1991 søkte idrettslaget om midlar frå banken. Ein går ut i frå at søknaden vart innvilga den gong som no. I søknaden kan du lese om planar om eit symjebasseng. Og i nyare tid har YGIL fått midlar frå sparebanken. I 2020 fekk YGIL tildelt 75 000 kr av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og ytterligere 125 000 kr året etter, og arbeidet med oppgradering av klubbhus og Treningsstova kunne starte.

Inntektsbilag frå 1991

Det var ei tid då ting kunne gjerast veldig enkelt. Eit lite bilag med ein liten sum. I dag, på 2020-talet, og med Treningsstova som eit tilbod, har me eit digitalt medlemssystem levert av Norges Idrettsforbund og meir enn 100 000 kr i medlemspengar.

Fredsmarsjen og Norgesmarsjen

På 90-talet deltok BIL fleire år på rad i ulike marsjar. Norgesmarsjen i 1996 var til inntekt for kreftsaken. Fredsmarsjen vart arrangert fyrste gong hausten 1945 under mottoet “Gå som du kan, gå for ditt land!”. I dag er det Norges Turmarsjforbund (stifta i 1975) som arrangerer Fredsmarsjen.

 

Arrangør av 17. mai

YGIL er fortsatt per 2021 medarrangør av 17. mai. I 1997 vart det selt kaffe, is og litt mat, samt billettar til skodespel og sigarettar. Sistnemnde er i dag ute av idrettslaget sitt varesortiment!

Planar om klubbhus i 1999

Allereie i 1999 hadde BIL planar om å oppføre eit klubbhus basert på brakkeseksjonar. Idrettslaget undersøkte den gong om det var mogleg å få statstilskot frå spelemildar. Klubbhuset vart ikkje realisert den gong.

Bading i Siletjørna

I informasjonsbrosjyra frå 2001 kan me lese at BIL har satt i gong arbeid med å lage eit stupebrett i Siletjørna. Det sto klart same år, under leiing av Ronny Helland. Stupebrettet hadde ei kostnad på 3706 kr. Etter 20 års bruk takka stupebrettet for seg sumaren 2021, og YGIL vil setje opp eit nytt eit.

BIL vert til YGIL

I 2005 vert resten av Ytre Gulen innlemma i idrettslaget, og det var naturleg å endre namn til Ytre Gulen Idrettslag. Namnet måtte bli godkjent av Sogn og Fjordane Idrettskrins, og den kom 2. mai 2005.

Turgjeng, rundt 2005

YGIL kjøper Krambua i 2019

I 2019 kom Krambua for sal. YGIL hadde då leigd delar av bygget i mange år, til treningsrom. Husflidslaget hadde og leigd eit rom. Eit eventuelt sal kunne medføre at både YGIL og husflidslaget sto utan tak over hovudet. På eit ekstraordinært årsmøte i YGIL vart det bestemt å kjøpe eigedommen. Banken stilte med lån, og kjøpet kunne realiserast.

Oppussing av Treningsstova sett i gong i 2020

Fire eldsjelar set seg ned i romjula 2019 med eit ønskje om å pusse opp treningsrommet på Krambua som er veldig nedslitt. Søknad om tilskot frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vart sendt, og 75 000 kr vart tildelt våren 2020. Arbeidet vart satt i gong i juni, og ei splitter ny treningsstove kunne opnast allereie i august etter ein intens sommar med mykje dugnadsarbeid på mange.

Opprusting av uteareal er i gong i 2021

Arbeidsgruppa søkjer ulike stiftingar om meir tilskot og får tilslag. Arbeidet med utearealet kunne dermed starte i 2021.