Øytrimmen

Likar du turar i marka eller ein liten tur opp på fjellet, så er Ytre Gulen den rette plassen for deg! Her finn du turar langs vegen, godt merka turløyper i lett og flatt terreng, og litt meir utfordrande turar opp på fjelltoppane.

Øytrimmen består av mange postar rundt omkring i Ytre Gulen, der du kan samle poeng når du vil heile året, og motta premie påfølgjande år.

Poengsystemet er felles for alle postane på Byrknesøy, Mjømna og Sandøy: Postar langs vegane gir eitt poeng, postar i terrenget to poeng og dei høgste fjelltoppane tre poeng.

Du kan samle poeng frå 1. januar til 31. desember kvart år. Dei av medlemmane som klarar kravet får Øytrimpremie. Det blir òg delt ut diplom til dei som har klart kravet i fem og ti år. Premieutdelinga skjer på våren påfølgjande år, og er gjerne kombinert med orientering eller fellestur i ei av turløypene.

For å få premie treng du:

Alder: 0-8 år 9-15 år 16-59 år 60+ år
Poeng: 20 30 80 50

Hugs å registrer turane dine på Georeg eller i turboka. Om du skriv i boka, hugs å skriv antall turar du har hatt på postane – det gjer poengteljinga lettare!


Georeg

Du kan registrere deg på alle turpostane våre med mobilen din. Last ned Georeg-appen og registrer deg på www.georeg.no

Det er to utgåver av Georeg (men same app): Lite og Pro. Georeg Pro kostar 120 kr i året, medan Lite er gratis. I begge utgåvene kan ein registrere seg på postane og sjå resultata på web, men Pro har fleire funksjonar som navigering og etterregistrering av postar.

Som nyregistrert brukar får ein 30 dagers Pro-abonnement. Etter dette går ein automatisk over til Lite.

Om du ikkje vil at alle skal kunne sjå resultata dine på web, kan du registrere deg som anonym brukar, slik at namnet ditt kun er synleg for lokal administrator.

Det vil framleis være bøker på postane, så du kan anten skrive deg i boka eller nytte Georeg.

NB! Ikkje skriv deg i boka om du nyttar Georeg, då vert det dobbeltregistrering!

Du kan berre gå ein gang på posten i løpet av fem timar, så går du fleire turar, må du skrive tur nummer to i boka. Tell turane i boka for seg.

På Veten, Midtbøfjellet og Piltevarden har Dalsøyra Idrettslag også Georeg-postar, så her vil ein få poeng hjå begge idrettslaga.

Alle kan nytte Georeg, men du må være medlem i YGIL for å få premie.

Vi håpar mange kjem i gang med Georeg, dette vil gjere poengteljinga vår lettare og kvar enkelt får full oversikt over poenga sine!


Last ned Georeg her:


Postar langs vegen gir eitt poeng, i terrenget to poeng og dei høgste toppane gir tre poeng.


Byrknesøy
Tre poeng: Veten

To poeng: Måvatnet, Vårfloren, Kjevatnet, Nordre Fjellsenden, Varden, Nykksvatnet, Lovlia, Snaufjellet, Valebergkoven (Gjest Bårdsen hola)

Eitt poeng: Grimekrysset, Gråvikkrysset, Sletthella, Klauneset, Svekallen, Risvågen, S. Grimesundet, Grima, Gråvik

Mjømna
Tre poeng: Pitlevarden

To poeng: Stien, Storstaulia, Murene, Revesteinen, S. Fjellsenden, N. Fjellsenden

Eitt poeng: Bautaen, Rundkjøringa, Tyløyna, Mjåsundbrua (Mjømna), Kirkekaia (kun Georeg)

Sandøy
Tre poeng: Midtbøfjellet, Vestefjellet, Lifjellet, Sæterbotnfjellet, Røvarhola

To poeng: Ramlefloget, Rishaugen, Tjørefjellet, Kletten, Stihaugen, Lifjellet 1, Lifjellet 2, Vestefjellet

Eitt poeng: Ospehaugen, Ramleflogsura, Mjåsundbrua (Sandøy), Kittelsvik, Skipavik, Skjerjehamn, Nordre Sandøyna (mot Lid), Skaret, Hilderhola (Sandevegen)


Fem kystkommunar lengst vest i landet vil gjere kystarven, i form av sjøfuglar, lyngheiar og beitemarkar, synleg og til ein ressurs for regionen. Gulen er ein av disse kommunane, og dei merka turstiane våre er ein del av prosjektet Kystarven.

Du kan lese meir om Kystarven her.