Bli kjent med YGIL

Ytre Gulen Idrettslag er laget for deg som vil drive sportslege aktivitetar i den vakre inngangsporten til Sogn!

Idrettslaget dekkjer dei tre øyane Byrknesøy, Mjømna og Sandøy i Gulen kommune. YGIL tilbyr aktivitetar i alle årsklassar og har mellom anna eige treningssenter sentralt på Byrknes. Me jobbar for at flest mogel skal vere i aktivitet og at alle skal ha eit tilbod som passar for dei. 

Idrettslaget vart starta i 1959 under namnet Byrknes Idrettslag - også kjend som BIL. I 2005 endra BIL namn til Ytre Gulen Idrettslag for å famne eit større geografisk område. Idrettslaget har i alle år vore tufta på dugnadsånd og eldsjelar, og det er alltid mogleg å starte opp med nye aktivitetar og tilbod.

Fordelar med eit medlemskap i YGIL

  • Tilgong til treningssenter

  • Idrettsskule og gymsalaktivitetar for born

  • Tilgong til kajakkar

  • Premiering av medlemmar som deltek på Øytrimmen

  • Du støttar merking, klipping og informasjon rundt turløypane på dei tre øyane

  • Du støttar arbeidet med ballbinge og andre anlegg YGIL planlegg

  • Du støttar at vi kan oppretthalde eit flott og praktisk uteareal ved klubbhuset

Lån sportsutstyr gratis frå BUA på Dalsøyra

https://www.bua.io/utlansordninger/bua-gulen

OM ORDNINGEN

(Henta frå BUA si heimeside)

Hos BUA Gulen kan du låne sports-og friluftsutstyr heilt gratis. Per i dag har me utstyr som langrennski, med skisko og stavar, barnepulk, syklar for born og voksne, skateboard, sparkesykkel og rulleskøyter. Me har og nødvendig tilbehør som hjelmar og beskyttelse. BUA Gulen har turutstyr som lavvo, hengekøyer, liggeunderlag, soveposar, fiskestang ,ryggsekk, SUP brett og våtdrakter for born og voksne.

BUA Gulen driftes av Gulen kommune og er ein del av BUA nettverket som jobbar for at born og unge skal få moglegheit til å prøve fleire og varierte aktivitetar utan å auke forbruket. Vanleg utlånstid er ei veke.

Hugs å ta med deg legitimasjon fyrste gong du låner. Er du under 18 år? Då må ein av dine foresatte opprette låneprofil og sette deg som medlånar. Låneprofil opprettar du ved å gå inn på bua.io -trykk logg inn- registrer deg nå.