Idrettsskulen

Idrettsskulen er eit tilbod til born og ungdom i Ytre Gulen, med organisert aktivitet i gymsalen ved Byrknes skule. Målet er å ha varierte aktivitetar og å ha det kjekt saman.


Følgjande er viktig:

  • Alle som er med på trening må vere medlem av YGIL.

  • Alle som er med på trening må ha innesko med kvite sålar eller antiskilabbar.

  • Det er ikkje lov å ha med brus eller snop på trening.

  • Følg instruks for reinhald av gymsal etter skuletid.

  • Idrettsskulen følg som regel kalenderen for skuleåret.


 

Trenarane skal trene begge gruppene, 1.-4. og 5.-7. klasse. På Joker Byrknes kan trenarar hente nøklane til skulen. Desse legg du i den raude postkassa utanfor butikken etter trening. Det er viktig at trenarane har førebudd seg før treninga byrjar. På aktivitetslista står det forslag til aktivitetar, dette for å sikre variasjon i treninga. Skriv opp kven som er på trening, skjema ligg i idrettsskulepermen i YGIL sitt skap.

Det er lurt å dele timen opp i tre delar

  1. Oppvarmingsdel ca fem-sju min. Døme på aktivitetar: tikken i forskjellige variantar (doktortikken, rekketikken, osv) jogge m/musikk, danse, hermeleiken, hauk og due, stiv heks. Eventuelt å bruke litt av tida til å få på plass apparat til hovudaktiviteten.

  2. Hovuddel: Døme: Sirkeltrening eller stasjonstrening, dans, styrketrening, lengdehopp, høgdehopp, innebandy (for dei eldste), hurtigheitstrening, balltrening som dødball, kanonball, dansk kanonball, øve på å ta ballen to og to.

  3. Avslutningsdel ca ti min. Rydde vekk alle apparata, tøye ut musklar som er brukt, og til sist ein kjekk leik. Døme: Sjå oppvarmingsdel.


 

Det er viktig med godt reinhald! Hugs at utstyr som er brukt (t.d. ballar) må reingjerast etter kvar gruppe, etter instruks for «Reinhald av gymsal etter skuletid»


Kontaktperson for Idrettsskulen 2022/2023 er Line Arnstøl Birknes, tlf. 993 68 846